
Hulk
Ang Lee har laga fleire flotte filmar. Hulk er ikkje ein av desse, men ein heilt midt på treet actionfilm om eit grønt monster.
Bruce Banner (Eric Bana) blir til Hulk når han blir sint. Me får servert opphavshistoria i denne filmen. Filmen tar seg god tid til å bygge opp sine karakterar, vise oss kva dei står for og forklare samanhengande for oss.
Så må Hulk komme, og etter dette snur filmen til å bli mest action og lite god handling. Etter ei stund blir det litt kjedeleg, då det er uklart kva filmen vil. Er han seriøs eller går han for meir komisk action?
Lee Tistaert på Lee’s Movie Info (leesmovieinfo.net) meiner filmen lovar ei interessant historie om eit indre raseri, men aldri gir personane nok innhald. Han finn heller ikkje den store actionavslutninga vellukka. Det liknar mi kjensle av at filmen brukar tid på oppbygginga utan å vite heilt kvar han skal. Eg er mindre avvisande til resultatet, men saknar ei betre kopling mellom alvoret i starten og det grøne monsteret som etter kvart tek over.
