
Humorous Phases of Funny Faces
Kortfilmen Humorous Phases of Funny Faces frå 1906 er sett på for å vere den første animasjonsfilmen som blei laga med standard filmrull.
Filmen inneheld vanleg filming og punktfilmfotografering der teikingar på ei tavle blir endra, eller utklypte figurar blir flytta rundt.
Som nokre andre tidlege filmar frå denne perioden blir dette fort ein demonstrasjon i moglegheitene, framfor å gi oss ei samanhengande historie. Filmen er soleis ikkje så engasjerande, då han manglar dramaturgien for å trekke meg inn. Men sett på som ein del av tidleg filmhistorie så er dette ein artig observasjon.
Dr. Grob’s Animation Review (drgrobsanimationreview.com) skil også mellom den historiske verdien og kor morosam filmen er å sjå. Omtalen meiner mykje står stille, og at det nesten berre er vitsen med sigarrøyken som fungerer som humor. Det liknar mitt inntrykk av ein demonstrasjon meir enn ei forteljing. Gleda ligg mest i å sjå teikningane få liv, før animasjonen har fått ei historie som trekk oss vidare.
