Djay er ein pimp i livskrise, som ein dag tar seg betalt i form av eit keyboard gjennom narkohandelen han har på si. Ein gammal draum som rappar kjem til overflata igjen og Djay byrjar lage musikk.
Craig Brewer har klart å portrettere sørstatsforhold under par og lage ein dramakomedie oppå dette. Hustle & Flow viser inspirasjon som oppstår, utan å bli for søt. Delar av filmen ligg i slitne detaljar og hard kvardag, så han vinn på å styre unna glamour, men også unna depresjon.
Terrence Howard lev seg inn i rolla som Djay og har følge av eit solid ensemble. Eg blir like glad i denne som førre gang eg så filmen.
Dette var ein heilt annan film enn eg hadde trudd det skulle vere. Eg så for meg noko i retning av Get Rich or Die Tryin'. Dette fordi eg ikkje har fått med meg anna enn at det var same type musikk det handlar om, og at begge var filmar om folk som ville bli rappar.
Og ja, rap, eg er ikkje så stor fan av sjangeren, men er likevel ikkje helt borte frå han. Beastie Boys står høgt blant anna. Men her, med rap i ein samanheng, ei historie, så fungerer det. Eit par stykk songar var faktisk halvt fengjande.
Elles levde eg meg ikkje så mykje inn i filmen, det er ingen rørande dramahistorie, men det dukka opp eit par morosame situasjonar, så det blir underhaldande. Og når både Anthony Anderson og DJ Qualls dukka opp så er det nok for meg til å fortsette å sjå filmen.