
Hva vil folk si
Den norske filmen Hva vil folk si handlar om ei ung paktistansk jente, som lev livet som ein kva som helst slags norsk tenåring. Men dette krasjar mot verdiane til foreldra hennar, eller redselen foreldra har for kva andre i det pakistanske miljøet vil seie om dei.
Ein episode jenta er borti utløyser ei stor endring i livet hennar, og vil prege ho på ein vond måte i lang tid.
Hva vil folk si er ein dyster film av det slaget eg ikkje er så veldig stor fan av, kor det mest blir vektlagt å fortelje om den fæle historia. Og kor den eventuelle seieren og håpet, til jenta i dette tilfelle, får svært liten plass. Det handlar nok om smak og behag. Eg har ingenting i mot å få servert seriøse historiar, men det kan gjerne tene til eit anna formål enn berre å opplyse. For eksempel gi litt meir håp, både for målgruppa som kjenner seg att i filmen eller for meg.
Tore Andre Øyås på Filmkikk (filmkikk.no) opplever balansen mellom tragedien og dei fine stundene som ein styrke. Han meiner filmen gir fleire sider av konflikten plass, og finn også skjønnheit i små møte og bilete. Eg blir meir sittande igjen med det dystre og saknet etter håp. Skilnaden viser kor ulikt dei lyse augneblinkane kan verke når historia rundt er så vond.
