I Origins - Filmdagbok

I Origins 2014

I Origins er den andre filmen til Mike Cahill. Han kom i 2011 med det spennande science fiction-dramaet Another Earth, der Brit Marling spela ei ung dame som nyleg har sloppe ut av fengsel. Der ho har sine personlege problem, samtidig som ein eksakt kopi av jordkloten har dukka opp og lagt seg like ved vår.

Då det vart klart at Mike Cahill skulle komme med nok eit science fiction-drama, og at Brit Marling også skulle bli med, hamna I Origins umiddelbart på sjå-lista. Forventingane har vore basert på den gode opplevinga eg hadde med Another Earth, men eg har visst minimalt om handlinga til I Origins på førehand.

Michael Pitt, ein annan favoritt og solid skodespelar, spelar hovudrolla som doktor og forskar. Hans spesialfelt er forsking på evolusjonen til auger, og han interesse er å ta bilde av auger.

Brit Marling dukkar opp som laboratorieassistenten hans, og ei lynande intelligent kvinne som bidrar til å ta forskinga i ei ny retning. Astrid Bergès-Frisbey spelar den store kjærleiken til Michael Pitt, og er hans motsetning som er med på å utfordre han og retninga filmen tar.

Det er unødvendig å fortelja for mykje om handlinga. Forhold og forsking er så tett fletta at å røpe snakke om kvar enkelt øydelegg poenga, og at å snakke om det samla krev å legge fram gangen i filmen og dermed avsløringar om han.

I Origins kan best bli oppsummert som eit drama i roleg tempo, med sterke innspel av dramatiske scener frå eit liv. Science fiction-idear pregar gangen, og filmen filosoferer omkring alt dette.