
I rymden finns inga känslor
I rymden finns inga känslor er ein likandes film. Eg synest han får til ei fin blanding av drama og komedie, og lengda er passe kort. Historia rekk å gi meg noko utan å halde på for lenge.
Simon (Bill Skarsgård) er ein ung mann som i filmen har Aspergers syndrom. Han bur saman med broren Sam (Martin Wallström) og treng faste rutinar. Når kjærasten til broren går frå han, bestemmer Simon seg for å finne ei ny. Då kan kanskje livet bli som før.
Eg har ikkje grunnlag for å vurdere kor realistisk framstillinga er. Som filmhistorie synest eg dette fungerer. Det enkle ønsket om å få orden på tilværet gir også rom for komikk.
Pidde Andersson framhevar på TOPPRAFFEL! (toppraffel.se) framdrifta og den korte speletida. Han meiner historia er litt tynn, men finn mykje glede i skodespelarane og små detaljar.
Eg sit også igjen med ei grei glede. Dette er eit drama eg likar å vere i, med ein komedie rundt som passar historia.
