Hopp til hovedinnhold
Plakat for Ice Princess (2005)

Ice Princess

Film
3

Den glupaste eleven og bokormen på skulen tek på seg skøytene, trass i kva mora seier. Kunstløp er håplaust å satse på meinar mora, når jenta har moglegheita til å komme inn på det colleget ho vil. Ice Princess handlar om å jobbe hardt for å nå draumane sine. Og å bli vaksen nok til å ta val sjølv. Det er pakka inn i ei lettfatteleg ungdsomfilminnpakning med drama, kjærleik og sport.

Valet mellom eigne draumar og forventningane heimanfrå får ros av Mark Pfeiffer på Reel Times (reeltimes.blogspot.com). Han meiner filmen tek tenåringskonfliktane på alvor, sjølv om historia følger ein kjend formel. Det er eit godt tillegg til det eg skriv om å bli vaksen nok til å velje sjølv. Den enkle innpakkinga treng ikkje stå i vegen for eit tema som er lett å kjenne seg att i.