Hopp til hovedinnhold
Plakat for If I Stay (2014)

If I Stay

Film
4

Når i tvil, ser eg til kva kjensler ein film klarar å mane fram når eg gjer mi endelege vurdering. If I Stay er ein emosjonell film som lykkast her.

Ei kjærleikshistorie mellom ei 17 år gammal jente og ein 18 år gammal gut er kjerna i filmen. Parallelt som me får fortalt historia om deira forhold, blir også ei tristare historie fortalt. For i notida skjer ei bilulykke og jenta hamnar i koma.

Chloë Grace Moretz spelar hovudrolla. Og om ikkje filmografien hennar ikkje allereie viser det, så er ho dyktig og passar godt inn her.

Sjangeren denne plasserer seg i er som eit fulldyrka melodrama, og det har eg sansen for. Melodrama er nettopp eit stykke som spelar på kjensler, men har ein lykkeleg slutt i motsetning til ei tragedie.

If I Stay skyr heller ikkje sterke verkemiddel, og det er eit val eg respekterer.

Dei sterke verkemidla er også det som får Drew på Drew’s Movie Blog (drewsmovieblog-drew.blogspot.com) til å vende seg mot filmen. Han likar Chloë Grace Moretz i dei rolegare kjærleiksscenene, men meiner sjukehusdelane pressar fram tårene for hardt. Her er me tydeleg usamde. Eg synest filmen lykkast med å mane fram kjensler, og har lite imot at melodramaet brukar store grep når dei faktisk treff.