Når i tvil, ser eg til kva kjensler ein film klarar å mane fram når eg gjer mi endelege vurdering. If I Stay er ein emosjonell film som lykkast her.
Ei kjærleikshistorie mellom ei 17 år gammal jente og ein 18 år gammal gut er kjerna i filmen. Parallelt som me får fortalt historia om deira forhold, blir også ei tristare historie fortalt. For i notida skjer ei bilulykke og jenta hamnar i koma.
Chloë Grace Moretz spelar hovudrolla. Og om ikkje filmografien hennar ikkje allereie viser det, så er ho dyktig og passar godt inn her.
Sjangeren denne plasserer seg i er som eit fulldyrka melodrama, og det har eg sansen for. Melodrama er nettopp eit stykke som spelar på kjensler, men har ein lykkeleg slutt i motsetning til ei tragedie.
If I Stay skyr heller ikkje sterke verkemiddel, og det er eit val eg respekterer.