
Il postino
Il postino er god på å vise korleis ei uventa vennskap kan opne augo for nokon. I hovudrolla har me fiskaren Mario. Han likar ikkje å fikse, og sluttar for å bli postmann. Ein dårleg betalt jobb, og det er berre ein som får brev på den delen av øya han leverer. Resten er analfabetar.
Det er poeten Pablo Neruda som får alle breva. Og me følger Mario i det han oppdagar poesien, og vil bli poet sjølv for å lykkast med kjærleiken.
Filmen har ein varme, og ein litt sår, men også artig stil. Det er ganske så kvardagsleg preg av det som skjer, men det ligg noko meir under overflata. Ei opplæring eller oppvakning i potensialet i Mario.
Samtalane mellom Neruda og Mario gir god glede ut av filmen. Dei kan vere både innsiktsfulle og rørande.
Vennskapen er det som ber mykje av filmen. The Flick Chick (flickchickcanada.blogspot.com) meiner at personlegdom og relasjonar er viktigare enn handlinga, og at Massimo Troisi og Philippe Noiret saman gir historia ein emosjonell kjerne. Det kjenner eg att i samtalane deira. Mario si oppvakning blir ikkje berre eit spørsmål om å lære å bruke ord, men om å våge å uttrykke noko som tidlegare har vore vanskeleg å få fram.
Kjærleikshistoria mellom Mario og Beatrice er enkel og søt.
Slutten tok meg på senga, utan at eg skal seie så mykje meir. Men det skjedde nok til at eg blei ettertenksam.
Il postino ser ganske fin ut, har god musikk og god stemning.
