
Iliza Shlesinger: Freezing Hot
Eg har mine favorittar innanfor amerikansk stand up-komedie, men gir i blant nye komikarar sjansen for at eg skal kunne utvide horisonten min. I blant fungerer det, men ofte blir opplevinga midt på treet.
Iliza Shlesinger: Freezing Hot er midt på treet. Eg får ikkje inntrykk av at ho gjer noko spesielt. Eller noko som er nemneverdig hysterisk. Det er vitsar til å humre av, men kjerna i humoren hennar er det grove. Og sjølv om enkelte komikarar får det til, er det då ikkje at det grove som er artig i seg sjølv, men formidlinga.
På Moshpits and Movies (moshpitsandmovies.wordpress.com) får Iliza Shlesinger langt større utteljing. Skribenten likar den intense framføringa og finn mykje å kjenne igjen i observasjonane om dating og forhold. For meg blir ikkje denne energien nok til å gjere materialet særleg minneverdig. Eg kan humre av enkelte poeng, men saknar at måten dei blir fortalde på, gir noko meir enn det grove innhaldet i seg sjølv.
