Hopp til hovedinnhold
Plakat for Ill Met by Moonlight (1957)

Ill Met by Moonlight

Film
3

Britiske spesialsoldatar skal kidnappe ein tysk general. Deretter gjeld det å kome seg unna. Premissane er like i Ni liv og Kampen om tungtvannet. Ill Met by Moonlight lykkast i å vere ein hyllest til bragda, sjølv om han ikkje alltid er like spennande.

Som med fleire andre Michael Powell og Emeric Pressburger-filmar er det eit nyansert bilde av dei mest sentrale karakterane, og ein respekt for personen trass i nasjonalitet og side i krigen.

Marius Goring si framstilling av den tyske generalen blir særleg trekt fram av Neil Fulwood på The Agitation of the Mind (misterneil.blogspot.com). Han finn ei interessant spenning mellom denne høflege yrkesmilitære og den romantiserte helten Dirk Bogarde spelar. Det utdjupar noko av det eg likar ved personskildringa. Respekten for motstandaren gir plass til meir enn ei enkel oppdeling mellom våre heltar og fienden.

Eit nydeleg svart-kvittfoto må trekkast fram, som stadig slo tilbake og imponerte. Og den forvirrande tekstinga som ikkje var oversett, og som blanda språk tilfører eit likevel positivt skilje.