In Bruges - Filmdagbok

In Bruges 2008

In Bruges tar oss med til den belgiske byen Brugge. På spørsmålet kvifor me er hamna i dette holet er svaret at våre to viktigaste karakterar har utført ein jobb og må søke dekning. I føringa som desse to mennene finn me Brendan Gleeson som Ken og Colin Farrell som Ray. Dei er vidt kjente skodespelarar og vidare presentasjon er unødvendig.

No er greia med Brugge at det slett ikkje kan bli opplevd som holet Ray held det for å vere. Faktisk er byen pen, om enn litt stille viss nokon skulle halde det i mot han. Dei brulagde og tronge gatene, kanalen og husa i den middelalderske gamlebyen utgjer eit passande bakteppe for dekninga Ken og Ray søker. Det kjem og til nytte i byrjinga, før me lærer å kjenne den meir seriøse biten av historia. Då har filmen innslag av kultur i form av sightseeing. Etter å ha tenkt meg om kjem eg ikkje på andre filmar lagt til Brugge, og hadde handlinga blitt lagt til Paris eller Roma hadde mykje av magien i det ukjente miljøet blitt borte.

Etter kvar som filmen går sakte framover blir me vitne til ei stadig mørkare og dystrare handling, så gradvis at eg aldri aner det før det er over meg. Nokon innslag av skytevåpen er ikkje til å komme forbi. Alt i alt er det derimot overraskande lite skyting, noko som gjer episodane til meir seriøse. Svart humor pregar også In Bruges i stor grad, og ei stadig balanse mellom alvor og spøk resulterer i ein film som styrer unna banalitetane.

Innleiingsvis gav eg ikkje så mykje tanke til filmen eg såg på. Som eg har nemnt går det sakte framover, utan å bli direkte kjedeleg er det heller ikkje spennande. Starten er derimot viktig for vidare og blei noko eg sette pris på at blei grundig gjennomført med god tid. Me blir introdusert for Ken og Ray som tilsynelatande to motsetningar, men som vidare blir personar me heile tida vil jobbe med å prøve og forstå meir. Både dette og meir er fordelen ved å starte på null i Brugge, halde det roleg ei stund og så gradvis køyre på med blodig alvor. Eit alvor som då blir forsterka og blir betre heilt fram til slutten som markerer toppen på filmen. Inga Hollywood-kurve her, meir ei rett fram stigande kurve.

Ein mørk film altså, men med humor, dvergar, narkotika, skytevåpen og europeisk middelaldersk byggestil. Ei noko spesiell blanding, aldri over toppen av kva som kan slukast, litt roleg i starten, men han lønnar rikt dei som vel å følge med.