Hopp til hovedinnhold
Plakat for In Good Company (2004)

In Good Company

Film
3

Eg hadde trudd at dette skulle bli ein typisk romantisk, komedie og dramafilm. Men romantikken er tona sopass ned at dette blir ein perfekt miks. Det er ein av tinga eg likte skikkeleg med filmen. Heile greia med korleis filmen utviklar seg etter kvart er også bra. Pluss at rollefigurane er gode.

Topher Grace, kanskje mest kjent som Eric Foreman i That '70s Show, gjer ein stor prestasjon på lerretet, der han syner at han kan meir enn berre å spele rolla som Eric Foreman. Enkelte sider ved karakteren hans kan minne om Eric Foreman, men det er vel då kanskje det som er kjennemerket til Topher Grace, dette gjenstår å sjå. Han har spela i filmar før, men dette er første gang eg ser han i ei så stor rolle. Scarlett Johansson, naturleg og yndig, er heller ikkje til å klage på i denne filmen.

Til slutt er det Dennis Quaid, ein skodespelar som eg eigentleg aldri har lagt spesielt merke til. Eg har sett han i The Day After Tomorrow og Cold Creek Manor, men før no har eg ikkje kunne kjenne han igjen på namnet.

På Reel Popcorn Junkie (reelpopcornjunkie.blogspot.com) blir kontrasten mellom Carter og Dan trekt fram som det beste ved filmen. Den unge mannen har karrieren på gli, men ser mykje han saknar i livet til den eldre. Omtalen er meir lunken til historia enn eg er. Likevel passar poenget godt med blandinga eg likar. Når filmen får handle om arbeid, familie og ulike førestillingar om å lukkast, treng ikkje romantikken ta over for å halde interessa oppe.