In the Heat of the Night - Filmdagbok

In the Heat of the Night 1967

Denne stilte eg heilt blank til, kanskje det var difor han overraska så positivt som han gjorde. Her er ei perfekt blanding av raseproblematikk, politi- og krimfilm og sterke rollefigurar.

Samspelet mellom Sidney Poitier som detektiv Virgil Tibbs og Rod Steiger som politisjef Bill Gillespie er i øvste klasse. Her er samtidig ei utvikling med at spenninga desse to i mellom aldri dør ut. Solbrillene til Gillespie og den stadige tygginga av tyggegummi tilfører filmen noko udefinerbart, men tøft. At opphaldet til Tibbs alltid ligg på kanten til å opphøyre gjer at heller ikkje omstenda kjennest kunstig forlenga.

Måten kriminalforskinga blir utført på i små porsjonar som ho blirm gjer at eg heile tida ønsker å følge med vidare. Alt klaffar med denne filmen.