
In the Line of Fire
In the Line of Fire er ein av mange thriller-filmar frå 1990-talet som glir over i kvarandre. Filmar med Clint Eastwood og Harrison Ford med pistol i handa som heseblesande skal gjere noko, og har dårleg tid til det.
Ikkje at alle av dei mange filmane eg sit med bilete i hovudet av er sånn. Men poenget er at eg nok ikkje har sett In the Line of Fire fordi eg kanskje har tenkt at han har eg sett før, utan å sjekke.
Når eg først kom i gong med å sjå filmen så er han ein kurant actionfilm som skapar eit lite rom for seg i ei blanding av ekte og oppdikta historie. Clint Eastwood spelar ein secret service-agent som byrjar å dra på åra, men som har eit stort oppdrag igjen. Ein trussel om eit attentat på presidenten.
Dette er god underhaldning i omtrent to timar, men ikkje noko minneverdig til seinare. Til det er filmen for typisk og lik mykje anna. Akkurat som eg kunne tenke med frå før eg såg han.
Burl på Ha Ha, It’s Burl! (hiitsburl.blogspot.com) er meir begeistra enn meg, men kallar òg filmen ein effektiv variant av ei velkjend jakt mellom politi og mordar. Han trekker særleg fram John Malkovich og den profesjonelle gjennomføringa. Me er såleis ganske samde om at underhaldninga fungerer, sjølv om eg ikkje sit igjen med same kjensla av noko særleg minneverdig.
