In the Loop - Filmdagbok

In the Loop 2009

Politisk satire av beste sort, men ikkje beste gjennomføring. Det er den enklaste måte å oppsummere In the Loop på. Grunnen er at denne spissformulerte og dialogdrivne filmen er nettopp skarp, men han dør litt ut mellom siste halvtime til siste tre kvarter.

In the Loop handlar om ein håplaus britisk minister som uttrykker seg uheldig, og blir kasta inn i situasjonar der fleire uheldige utspel verkeleg får ballen til å rulle, også internasjonalt. Det er snakk om ein krig i Midtausten, som vår håplause politikar er i mot, men ikkje har uttala seg klart om. Andre yrkespolitikarar, spesielt amerikanske, høyrer det dei vil høre og vil bruke han som ei politisk brikke.

Det er festleg å følge dei mange dyktige skodespelarane, den kjappe dialogen, og korleis alt berre ballar på seg av spekulasjonar, feiltolkingar og typisk håplause, men alltid farlege, politiske ambisjonar.

Gangen elles i filmen verkar ikkje å vere fullt så viktig som kasteballen vår britiske minister er. Og det var litt av det som gjorde at siste del av filmen ikkje var viktig for meg å vere interessert i. Eg hadde fått nok av humoren, og synst ikkje det vart føya til så mykje nytt, og utfallet kom i seinare rekke.

Likevel vil eg framheve In the Loop som ein av dei kvikkare filmane eg har sett med tanke på snakkinga. Han kan minne litt om ein god gammaldags talkie, eller noko som ville ha vore å sett i ein serie. Men er og framstår som ein tidsrett film.