In the Valley of Elah - Filmdagbok

In the Valley of Elah 2007

Då eg skulle sjå In the Valley of Elah hadde eg ingen forventingar eller tankar om kva filmen kunne bli. Grunnen til at eit kinobesøk blei med denne filmen var at ingen andre filmar freista. Men kva gjorde det når Paul Haggis skulle stige opp frå holet han grov seg ned i med Crash i 2004?

I det som er ein av to sterke filmar med Tommy Lee Jones i 2007, den andre var No Country for Old Men, er det ei forsvinningsak som involverer sonen til Hank Deerfield som står i sentrum. Sonen er i militæret og har akkurat komme heim frå Irak då han brått blir borte. Det resulterer i at Hank får ein telefon om at sonen mest sannsynleg har teke tjuvpermisjon.

Når sonen ikkje let seg spore vel Hank å ta saka i eigne hender og spore han opp. Som tidlegare yrkesmilitære sjølv har han eit blikk som vitnar om at han er klar for å møte sanninga uansett kva ho skulle vere.

Det som skjer vidare er vanskeleg å forklare i detalj utan å røpe filmen. Utan fokus på detalj er det vanskeleg å forklare kvifor dette er ein så knallsterk film som det er. In the Valley of Elah er gjennomført med stødig hand. Etterforskinga som blir gjort er lagt opp slik at ho er interessant heile vegen. Tommy Lee Jones er ytst perfekt i hovudrolla, og har også med seg stødige motspelarar som verken trekk ned eller stel fokus.

Dette smakar heller ikkje som anti-militær propaganda, då det med dei ulike karakterane er ulike sider av militære me møter. Trass i motviljen Hank Deerfield møter i mange av brikkene som skal føre han vidarem er han sjølv eks-militære og smittar forståinga si over på publikum til ei viss grad. Balansen er nøyaktig og det er også ein underliggande frustrasjon på plass som kjem fram i auga hans i blant.

Måten filmen seier så utruleg mykje på utan å ta for sterke standpunkt, rote det til eller køyre seg fast på eit spesifikk punkt gjer at dette aldri blir nokon kjedeleg film på dei to timane han varer. Han er eigentleg eit veldig godt eksempel på korleis fleire filmar skulle ha vore laga. Det er ingenting som tilseier at ei forsvinningsak er den mest originale handlinga, men når det er gjennomført på denne måten er det lite å holde i mot han på.