
Inception
Inception er ein akkurat passe lur film til å sette i gang dei små grå, og samtidig halde seg godt innanfor det som kan bli sett på som lettare underhalding.
I sentrum av handlinga til filmen er ein teknologi som gjer det mogleg å hente ut tankar frå hjernen til ein sovande person. Så snur handlinga seg dit at vår protagonist, spelt av Leonardo DiCaprio, skal plante ein idé i staden for å hente ut.
På finurleg vis navigerer og fortel filmen historie som går føre seg i fleire lag av sinnet til menneske, som blir visualisert som fleire nivå. Her gjeld det å halde tunga rett i munnen, og ikkje miste konsentrasjonen. Samtidig er det ein del action, så dette er ikkje ei fullstendig intellektuell øving.
Chase Kahn på The Glorious Ninth (thegloriousninth.blogspot.com) meiner filmen treff balansen mellom kompliserte idear og stor underhaldning. Han rosar kor lett dei enkelte stega er å følge, sjølv når heilskapen opnar for meir undring. Det liknar det eg likar med opplegget. Me må vere vakne for å halde orden på nivåa, men det er stadig ei konkret handling som driv oss vidare gjennom dei.
