Hopp til hovedinnhold
Plakat for Indiana Jones and the Temple of Doom (1984)

Indiana Jones and the Temple of Doom

Film
4

Indiana Jones (Harrison Ford) flyttar seg frå Kina i ein dramatisk opningssekvens til nord i India og mystikk for resten av handlinga i Indiana Jones and the Temple of Doom.

Deretter går det eit i eit med vidare eventyr og forflytting frå den eine halsbrekkande scena til den neste giftige. Her tar det både av, med nesten litt for vanvittig action. Men alltid innanfor.

Ein av tinga eg set mest pris på er mytologien rundt filmen. Korleis Indiana Jones har eit rykte på seg, og korleis det blir tatt for gitt at mange av dei han møter skal vere personar me kjenner i frå før. Mens sanninga er at det blir så kjapt og godt forklart kva som har skjedd og kven dei er, at eg trur på det. Denne måten å bygge opp verda rundt Indiana Jones på, gjer at den halsbrekkande handlinga som han i stor grad oppsøker sjølv, er lett å svelje som truverdig. Innanfor filmen sine realistiske rammer så klart.

Spenning manglar det heller ikkje på. Sjølv om det vil gå bra til slutt, oppnår scene etter scene med nær døden-action å skape spenning.

Tau-brua gir framleis Benn Farrell på The Official Movie Blog of Benn Farrell (wheresthehumanity.wordpress.com) frysningar, sjølv om han er meir kritisk til både effektane og delar av komikken. Han finn nok gode eventyrsekvensar til å like filmen betre som vaksen. Eg er meir med på heilskapen. Den eine nesten umoglege situasjonen avløyser den andre, men filmen har bygd ei verd der eg godtek at nettopp dette kan skje.

Utover dette er det også kranglinga mellom Indiana Jones og Willie (Kate Capshaw), som gir ein komisk og delvis emosjonell dimensjon til filmen. Eit viktig punkt for å underbygge spenninga.