Hopp til hovedinnhold
Plakat for Inferno (1980)

Inferno

Film
4

Eg har sett filmar frå Dario Argento før, og alltid likt det eg har sett. Likevel var eg ikkje førebudd på at Inferno skulle vere så god. Frå første minutt gjekk det eit gufs gjennom kroppen.

Rose, ei ung kvinne i New York, kjøper ei bok frå nærast nabo og antikvariat. Boka er ei dagbok i latin av arkitekten E. Varelli, og handlar om The Three Mothers. Rose byrjar å tru at leilegheitskomplekset ho bur i er ein av tre bustader som det står om i boka. Ho skriv eit brev til Mark, broren hennar som studerer musikk i Roma, og ber han om å komme. Mystiske og skumle ting har byrja å skje etter at ho fekk boka.

Sara, ei venninne av Mark, les ved ein slump brevet som Rose har sendt til Mark. Etter dette etterforskar ho litt på eiga hand, og oppdagar at ein av dei tre mødrene driv skulen dei studerer ved.

Filmen osar av mystikk, og er ikkje så klar på alt som skjer. Men kombinert med eit fantastisk lys- og bildearbeid, og passande filmmusikk for å bygge opp under den nifse stemninga, så blir resultatet eit godt ubehag og ei sitrande spenning som varer lenge.

John Llewellyn Probert på House of Mortal Cinema (johnlprobert.blogspot.com) meiner filmen blir best når me godtek at han følger draumelogikk. Dei blå og rosa lysa held verda framand, og musikken gjer dei merkelege bilda endå sterkare. Det er nettopp denne samla opplevinga som treff meg. Eg treng ikkje få alt forklart når kvar ny stad og kvar ny lyd held uroa levande.

Inferno er ein type film der det ikkje betyr noko at karakterane på dumt vis går døden i møte, rett og slett fordi uroa hengt tungt over alt som er, og døden såleis verkar uunngåeleg.

Eg har glede av heilskapen. Filmen er skummel og vakker, med mystikk som får meg til å gruble.

Det er sjeldan eg ser så nifse filmar.