
Ingen kommentar
Ingen kommentar hadde premiere like før valet i 2025. Referansen er openbar for mange nordmenn som følger med på nyhende. Filmen tek utgangspunkt i aksjeskandalen rundt tidlegare Sindre Finnes, ektemannen til tidlegare statsminister Erna Solberg. Dei har berre bytt ut namna med Alma Solvik og Sondre.
Petter Næss har regissert. Ståle Stein Berg har skrive manus. Laila Goody spelar statsministeren. Anders Baasmo spelar ektemannen.
Problemet er at filmen ikkje klarer å finne noko anna å seie enn det som alt er sagt i avisoverskrifter. Han går gjennom det publikum veit frå før, og set det på film. Alt er gjenkjenneleg, men ingenting blir utforska på ein måte som gjer at det blir noko meir enn ei oppsamling av kjent innhald.
Kanskje få på plass meir satire. Ingen kommentar er for trygg. Referansane til Erna Solberg blir berre nikk til publikum, ikkje poeng. Resten av rollefigurane er typar me har sett før.
Rose-M. Christiansen opplever satiren langt skarpare på Rose-Maries litteratur- og filmblogg (rosemariechr.com). Ho rosar særleg Laila Goody for å balansere karikaturen med noko truverdig, og meiner filmen både underheld og stikk. Samstundes synest ho eit grep med ei kjend SMS-sak blir konstruert og usmakeleg. For meg er problemet meir grunnleggande. Attkjenninga blir aldri nok til å gjere satiren interessant.
At filmen kom ut rundt valet var nok viktig for filmskaparane. Men det er vanskeleg å sjå at filmen faktisk utfordrar noko.
Det er mogleg å lage politisk satire som både underheld og seier noko. Ingen kommentar underheld litt, men er i og for seg ikkje så morosam i lengda heller, og filmen seier veldig lite.
