
Inglourious Basterds
Quentin Tarantino er dyktig, utan tvil, men han er litt for glad i den lange samtalen. Eg er fan av god dialog. Gleda eg får av Woody Allen-film er bevis på det. Men Inglourious Basterds blir for mykje snakk utan gode poeng. Mange av scenene er lenger enn gode, og det går ut over ein film som elles kunne ha vore ein sann fornøyelse frå start til slutt.
Oppdelt i stykke er Inglourious Basterds ein filmatisk orgie av vald og godt skodespel, og stadige innspel av raritetar som hindrar ei landing i eit altfor trygt spor. Det er nære å bli verkeleg bra, men det er ikkje nok.
Dei lange samtalane blir ei styrke for Jake Cole på Not Just Movies (armchairc.blogspot.com). Han meiner faren aukar medan figurane prøver å kome seg ut av samtalar der dei risikerer å bli avslørte. Det er eit godt argument for kvifor Quentin Tarantino dreg dei ut, sjølv om verknaden ikkje held heile vegen for meg. Eg ser spenninga i grepet, men får for ofte kjensla av at scena held fram etter at poenget er nådd.
