Quentin Tarantino er dyktig, utan tvil, men han er litt for glad i den lange samtalen. Eg er fan av god dialog. Gleda eg får av Woody Allen-film er bevis på det. Men Inglourious Basterds blir for mykje snakk utan gode poeng. Mange av scenene er lenger enn gode, og det går ut over ein film som elles kunne ha vore ein sann fornøyelse frå start til slutt.
Oppdelt i stykke er Inglourious Basterds ein filmatisk orgie av vald og godt skodespel, og stadige innspel av raritetar som hindrar ei landing i eit altfor trygt spor. Det er nære å bli verkeleg bra, men det er ikkje nok.