Hopp til hovedinnhold
Plakat for Innocence (2004)

Innocence

Film
4

Eg følger opp Kôkaku kidôtai som eg såg i går, med oppfølgaren som heiter Inosensu: Innocence. Eller Ghost in the Shell 2: Innocence på engelsk.

Den første umiddelbare forskjellen frå første film er animasjonen. Det er langt meir av tredimensjonal animasjon, men filmen har framleis beheldt sjarmen. Dei meir avanserte animasjonane blir brukt både i action- og kunstscener.

Ein annan forskjell med første film er at dei har tatt seg lengre tid til visse ting. Som å ha eit par ekstra sterke musikkrike scener, og generelt fått meir stemning inn i filmen. Blant anna er det er ein fryd å sjå når Batô og Togusa køyrer gjennom neonlysfylte nabolag med jazz i bakgrunnen.

Marc Saint-Cyr på Toronto J-Film Pow-Wow (jfilmpowwow.blogspot.com) trekker fram nettopp køyreturen med neonlys og jazz som eit døme på korleis filmen gir verda og stemninga førsteprioritet. Han meiner dei rolege augneblikka med Batô er like interessante som oppdraga hans. Det er lett å slutte seg til her. Den ekstra tida blir ikkje berre brukt til meir handling, men til å la meg vere i eit miljø som er ein stor del av opplevinga.

Historia held fram på ein måte der første film slutta, men i staden for å følge Major Motoko Kusanagi, er det Batô som blir hovudpersonen vår denne gang. Så dette blir ikkje direkte ei fortsetting på førre film, men meir ein oppfølgar.

Det er tre år sidan hendingane med The Puppet Master, og Batô blir involvert i ei etterforsking som ikkje har noko med The Puppet Master å gjere, men av ein cyborg-korporasjon kalla Locus Solus. Locus Solus lagar gynoidar, ulovlege sexdokker. Med seg har Batô Togusa, og saman finn dei på mykje sprell, mildt sagt.