Inside Out - Filmdagbok

Inside Out 2015

Eg må sei meg positivt overraska over kor lettfatteleg og pedagogisk Inside Out er i si formidling av eigenskapane til hjernen.

Med blanke ark var det eg starta avspelinga av Inside Out. Eg har sett nok Pixar-filmar til å vite at dei sjeldan er bortkasta tid, og i blant er alt anna enn bortkasta. Inside Out er ein av desse ekstra gode opplevingane, men når ikkje heilt opp til toppen i konkurranse mot dei aller beste.

Filmen er interessant heile vegen. Han tar oss med gjennom eit barn si opplevinga av ei stor endring i livet, i ein sårbar alder. Små figurar er bilde på kjenslene til barnet, og innsida av hjernen blir vist som ei eigen verd som desse held til i.

Mykje av grunnen til at filmen er god, er at han heile tida kjem opp med artige måtar å illustrere kjenslene som oppstår på. Det kan vanskeleg skildrast, men må sjåast. Ingenting verkar tilfeldig, og at også dei humoristiske innslaga har ein underbyggande logikk gjer det endå betre.

Ei svakheit ved filmen er at han ikkje bringa fram dei sterkaste kjenslene hjå meg, når det gjeld dei meir alvorlege innslaga i filmen. Her kunne nok skytset blitt sett sterkare inn.