
Insignificance
Nokre filmar får meg til å lure ekstra. Blant anna på kvifor dei er laga, slik Insignificance får.
Forstå meg rett, dette er ein passe unik film. Og eg kan sette pris på at unike filmar blir laga. Men han er òg så kjedeleg.
Det er litt masete og meiningslaust. Det har eit lågbudsjettpreg i både utsnitt av filminga utandørs og elles miljøavgrensninga til eit hotellrom eller to.
Her prøve filmskaparen Nicolas Roeg å skape ei interessant handling om kva som kunne ha vore tilfelle om Marilyn Monroe, Albert Einstein, Joe DiMaggio og Joe McCarthy møttes. Ingen blir elles namngitt i filmen.
Det blir rart, og det toppar seg med ein slags draumeaktig sekvens om ein atomeksplosjon nær slutten som nesten tok knekken på meg.
Den same slutten blir eit høgdepunkt for Criterion on the Brain (criteriononthebrain.blogspot.com). Skribenten meiner eksplosjonen viser korleis Nicolas Roeg kan gjere eit teaterstykke til ei filmatisk oppleving, men finn mykje av resten statisk. Me reagerer altså ulikt på avslutninga, men deler noko av motstanden mot heilskapen. Ein spennande idé om fire ikoniske personar er ikkje nok når møta mellom dei ikkje engasjerer.
