Hopp til hovedinnhold
Plakat for Interrupted Lovers (1896)

Interrupted Lovers

Film
3

Interrupted Lover er ein kort Edison-komedie frå 1896. Her sit eit ungt par på ein parkbenk, før dei blir overfalt av to menn i gartnarutstyr. Ein av dei har ein spade.

Den unge kvinna ser ut til å spelt av ein mann i kvinneklær, men det er ikkje overtydeleg, så det er kanskje ikkje meint å vere humoristisk.

Den artige delen av filmen er valdsbruken med preg av fysisk humor, som pregar den fredelege stunda. Kanskje er det ein parodi på ei kommande kyssescene, som tar ei heilt anna vending.

På Letterboxd (letterboxd.com) trekker sciallacooper fram biletkomposisjonen før den fysiske humoren tek over. Buskar og blad rammar inn paret, og trestammen held dei samla midt i biletet. Det er eit fint tillegg til det eg likar ved vendinga. Den fredelege romantikken er raskt etablert, slik at avbrotet får noko tydeleg å bryte med, sjølv i eit så lite format.