Interrupted Lover er ein kort Edison-komedie frå 1896. Her sit eit ungt par på ein parkbenk, før dei blir overfalt av to menn i gartnarutstyr. Ein av dei har ein spade.
Den unge kvinna ser ut til å spelt av ein mann i kvinneklær, men det er ikkje overtydeleg, så det er kanskje ikkje meint å vere humoristisk.
Den artige delen av filmen er valdsbruken med preg av fysisk humor, som pregar den fredelege stunda. Kanskje er det ein parodi på ei kommande kyssescene, som tar ei heilt anna vending.