Steve Buscemi er den frekke og utnyttande journalisten som får jobben med å intervjua ei skodespelarstjerne spelt av Sienna Miller.
I filmen som Steve Buscemi sjølv står som filmskapar bak får du ei dialogdriven handling som i stor grad går føre seg i leilegheita til karakteren til Sienna Miller. Den utspekulerte og mørke naturen til desse to karakterane, som i blant snik seg til overflata, resulterer i ein herleg, i blant rørande og i blant skremmande, dans av ein film.
Du kan ikkje anna enn elska å hata både Steve Buscemi og Sienna Miller i dette, som er den typen film som viser narsissistiske menneske under press.