Into the Beat - Dein Herz tanzt - Filmdagbok

Into the Beat - Dein Herz tanzt 2020

Ungdommeleg dansefilm er vanlegvis lett og kurant underhalding. Men Into the Beat - Dein Herz tanzt var litt meir seriøse saker, og svarte ikkje til sjangerforventinga. Slik går det med lite til ingen forarbeid, sjølv om tonen til ein film kan vere vanskeleg å fatte før eg ser han uansett.

Dette er ein tysk film om ei jente som har dansa ballett i alle år. Men så skjer ting i livet, og kort fortalt oppdagar ho hip hop. Og ein fyr.

Into the Beat - Dein Herz tanzt handlar om møte mellom to ulike verder. Folk med ulike bakgrunn, ulik dansestil, men felles draum som er å uttrykke seg gjennom dans.

Filmen er på godt norsk heilt grei, verken meir eller mindre. Han inneheld god dansing på ei side, men også kjedelege sekvensar med svak historieforteljing på ei anna. Så dette varierer stort undervegs. Det er ikkje ein film eg kan anbefale vidare på nokon måte. Men likar du dansing så får du kanskje noko ut av han lell.