
Intouchables
Den franske filmen Intouchables tok meg litt på senga. Eg hadde rett og slett ikkje forventa meg ein så fantastisk fin og morosam film.
No skal det seiast at eg i utgangspunktet likar franske komediar, men denne er i øvre klasse uavhengig av land.
Det handlar om ein invalid rik mann, og ein hjelpepleier med kriminell bakgrunn. To strake motsetningar, som gjennom mange hendingar og utfordringar blir venner og utvidar horisontane sine.
Styrken til Intouchables ligg i karakterane. Omar Sy spelar ein halvveges pøbel som i utgangspunktet ikkje ønsket pleiejobben, men blir utfordra av rik mann som kjeder seg noko. Den rike mannen blir spelt av François Cluzet som alltid har eit glimt i augo gjennom filmen.
I nesten to timar varer filmen, men han går unna på eit blunk. Det blir veksla mellom alvor og komedie, to grep som kan gjere underverk om det er gjort rett, nokon det er her.
På DawsonReviews (dawsonreviews.wordpress.com) blir samspelet mellom François Cluzet og Omar Sy trekt fram som det som friskar opp ei velkjend historie om to motsetnader. Skribenten synest nokre biroller får for lite plass, men meiner dei to hovudrollene åleine gjer filmen verdt å sjå. Eg blir endå meir begeistra av heilskapen. Blandinga av dei små vitsane, den fysiske komikken og alvoret gir vennskapet eit liv som får tida til å forsvinne.
Det er vanskeleg å forklare noko meir enn at dette er bra, og karakteren er gode. Så eg avsluttar enkelt og greit med ei sterk anbefaling. Sjå denne sjølv, det skal ein del til for ikkje å like dette.
