Ip Man 3 - Filmdagbok

Ip Man 3 2015

I denne tredje Yip Man-filmen med Donnie Yen blir karakteren Ip Du utfordra på fleire hold. Av kriminelle som prøver å ta over byen, av ein mann som meiner han er betre enn Ip i teknikken Wing Chun, og av personlege problem.

Ei stund frå byrjinga av filmen blir han prega av å mangle retning, og har mest nokon små, men flotte kampsportscener å vise til. Det tar litt tid før dramaet i filmen fester seg, og det er med dette me får eit innblikk i det indre i Ip Man som gjer filmen interessant. I dei andre Yip Man-filmane kom dette i uttrykk av gjennom tilnærminga hans til evner og trening. Men i Yip Man 3 er dette allereie sopass etablert at det blir tatt for gitt at han er dyktig, og dermed er det altså behov for noko meir.

Eg vil nødig røpe kva drama omkring personlege problem som filmar dreier seg meir innpå. Dette blir gradvis spedd på i løpet av filmen, og er med på å holde meg akkurat passe interessert.

Yip Man 3 er ein heilt grei film. Ingen anbefaling å sjå på eigen hand, men kurant som ein oppfølgjar. Eg hellar meir og meir mot å unngå å kalle eksistensen til enkeltfilmar i ein serie med oppfølgjarar unødvendige, for vurderinga av om du sjølv føler ein film er nødvendig å sjå er så subjektiv og individuell. For meg er Yip Man 3 utan sin tilknyting til tidlegare filmar nær å vere unødvendig for meg å sjå, då han i det store og heile er litt anonym. Men det er vanskeleg å sei.