Hopp til hovedinnhold
Plakat for iSteve (2013)

iSteve

Film
2

iSteve er den første filmen om Steve Jobs. Han påstår verken å vere best, dyrast eller mest kjent.

Det er Funny or Die som har gitt ut filmen. Han ligg gratis på nettsidene deira. Det var grunnen til at eg så han.

Trekkplasteret er Justin Long. Kjent skodespelar og tidlegare frontfigur i Mac vs. PC-reklamane til Apple.

Filmen er ikkje morosam til å le høgt av. Han er stort sett heilt grei, og litt morosamt dårleg. Det beste med filmen er at han berre baserer seg på livet til Steve Jobs, men blander alt til å bli fullstendig feil, kronologisk sett og på andre måtar.

Christopher Pico på Geektastic Film Reviews (geektasticfilmreviews.blogspot.com) meiner Justin Long gjer langt meir ut av rolla enn manuset fortener. Han synest filmen verkar som ein sketsj som er strekt for langt, sjølv om forteljargrepet med ein presentasjon frå Steve Jobs fungerer. Eg er meir nøgd med det smådårlege enn han er. Fridomen til å rote med heile livshistoria gir iallfall filmen noko eige, også når det ikkje blir nok til å le høgt av.