It Happened on Fifth Avenue er ein film av den gode, gamle sorten. Reint bortsett frå at heile filmen baserer seg på innbrot og okkupasjon av den privat eigedomen til ein annan, og overtrampen til ei folkemengd på privat eigedom ut i filmen eit stykke, så er det mykje bra her.
Og for å ta det som er bra. Det er nok av humoristisk dialog og vittige replikkar. Folka i filmen er fargerike, lette å bli kjent med, og lette å halde styr på. Og det er ein stor fordel når me blir kjent med ein god del folk her. Og så til den viktigaste delen av filmen, som er at huseigaren og hans familie etter kvart lev blant okkupantane i skjul. Denne løyndommen held filmen på tå heile vegen, og bidrar til ei spenning som held meg på tå i brorparten av filmen.
Filmen er primært ingen julefilm, men heller ein vinterfilm. Jule- og nyttårsfeiring er derimot ein liten del av handlinga, og ettersom resten av filmen har både snø og kulde, så blir det på eit vis ein julefilm ut av det til slutt. Eg kom på eit vis i både god stemning og julestemning ut av han.
It Happened on Fifth Avenue legg seg tett opp mot dei andre gode julefilmane frå 1940-talet, og kan anbefalast.