Hopp til hovedinnhold
Plakat for It's a Disaster (2013)

It's a Disaster

Film
3

Eit angrep av ukjent art og ukjent opphav tvingar åtte vaksne venner som et brunsj i lag til å halde seg innandørs.

I den stressa situasjonen som utfalde seg kjem hemmelegheiter fram, og ulike reaksjonar på eit eventuelt angrep dei veit lite eller ingenting om får fram gale sider hjå personane.

It's a Disaster er ein film midt på treet. Han er ofte absurd, og glimtar gjerne til med både brutalt ærlege eller sterkt humoristiske scener. Men det skjer for lite totalt sett. Verken samtalar eller forhold utviklar seg nok frå start til slutt til at det veg opp for 90 minuttar med film.

Skribenten på Cinema Won (cinemawon.blogspot.com) finn også nokre gode mørke vitsar, men meiner forsøket på å gjere personane sære ofte kjem i vegen for den gode ideen. Humoren blir for påtvinga, og historia endar med å kjede meir enn ho burde. Eg får nokre fleire fine augneblinkar ut av filmen, men kjenner igjen avstanden mellom utgangspunktet og utbytet. Den fastlåste situasjonen gir ikkje samtalane og forholda nok utvikling til å bere heile speletida.