Hopp til hovedinnhold
Plakat for It's a Free World... (2007)

It's a Free World...

Film
4

Me rører oss til England og møter Angie som jobbar innan jobbformidling. Når ho nok ein gong får sparken er begeret fullt og ho vel å satse på eige firma i staden for å gå fortsette som gjennomtrekk i uendeleg mange nye bedrifter.

Angie er ein person med mange sider og dette er med på å gjere filmen interessant. Ho har vilje og målsettingar, men kan i blant tøye grensene litt for langt og er mindre flink å prioritere familie.

It's a Free World… er tilnærma fri for dømming og let det vere opp til publikum å danne seg meiningar om både Angie og hennar fordeling av aust-europeisk arbeidskraft i London. Det er nok vanskeleg å lage ein slutt som ikkje tar standpunkt og filmen sluttar ganske ope, nesten litt frekt, men i ettertid er det ei forståeleg avgjersle.

Thomas Caldwell på Cinema Autopsy (cinemaautopsy.com) peikar på at Angie både er råka av systemet og sjølv blir ein del av utnyttinga. Han meiner Ken Loach unngår å fordømme henne direkte, utan dermed å unnskylde handlingane. Det er ei nyttig presisering av det eg likar ved filmen. Me får sjå fleire sider av personen, samtidig som vala hennar gjer det umogleg å halde seg heilt nøytral.