It's a Free World... - Filmdagbok

It's a Free World... 2007

Me rører oss til England og møter Angie som jobbar innan jobbformidling. Når ho nok ein gong får sparken er begeret fullt og ho vel å satse på eige firma i staden for å gå fortsette som gjennomtrekk i uendeleg mange nye bedrifter.

Angie er ein person med mange sider og dette er med på å gjere filmen interessant. Ho har vilje og målsetjingar, men kan i blant tøye grensene litt for langt og er mindre flink å prioritere familie.

It's a Free World… er tilnærma fri for dømming og let det vere opp til publikum å danne seg meiningar om både Angie og hennar fordeling av aust-europeisk arbeidskraft i London. Det er nok vanskeleg å lage ein slutt som ikkje tar standpunkt og filmen sluttar ganske ope, nesten litt frekt, men i ettertid er det ei forståeleg avgjersle.