Hopp til hovedinnhold
Plakat for It's a Wonderful Life (1946)

It's a Wonderful Life

Film
3

James Stewart er ein av dei skodespelarane som har ein tendens til å dukke opp i klassikarane eg ser. Ingenting mystisk ved dette, ettersom han var ein stor skodespelar ein gong i tida, og framleis er på mange måtar. Og at eg gjerne satsar på filmar som blir sett på som gode i andre miljø.

Hittil har ingen av filmane hans skuffa meg, men ein gong måtte bli den første. It's a Wonderful Life vart på mange måtar rein plankekøyring. Det meste er på plass, men likevel er filmen kjedeleg.

Kvifor kjedeleg? Jo, veldig lite skjer før filmen når biten nemnt opningsvis, det er derifrå han er interessant. Klart at filmen treng tid på å etablere situasjonen til George Bailey (James Stewart) som eit rikt, men økonomisk underlegent menneske for å gi den rette verknaden.

Eg har heller ingenting i mot ein film som tar for livet til ein person som det er. Men It's a Wonderful Life prøver på meir i tillegg, og det lykkast han ikkje heilt på. Frustrasjonen til George ligg der under overflata, men kjem for lite fram. Når me når vendepunktet verka det litt som ei kanin dratt opp av hatten.

Balansen mellom mørke og varme fungerer langt betre for skribenten på Creeper’s Reviews from the Abyss (creepersreviews.blogspot.com). Han meiner filmen har nok alvor til at den gode kjensla blir fortent, og rosar James Stewart for eit naturleg spel. Eg saknar at frustrasjonen til George blir tydelegare før vendepunktet. Der omtalen finn ei vellukka blanding, opplever eg at forarbeidet ikkje gir den store vendinga heilt den tyngda ho treng.

Det skal ikkje meir til enn dette for å gjere filmen tam, og middels, iallfall ikkje for meg. I ein klassikarstatus ligg gjerne andre føresetnader til grunne, og for alt eg veit kan slikt vere med å definere denne filmen. Uansett, for meg er dette ein vanleg film, uavhengig av tidsepoke, og ut i frå det skuffar han.