Hopp til hovedinnhold
Plakat for Jack Reacher (2012)

Jack Reacher

Film
3

Jack Reacher er lenge ein god film, men mistar litt grepet utover.

Det er lett å plukke ut ting eg likte ved filmen. Ei biljakt der den realistiske ytinga og stabiliteten i ein ny mot ein gammal bil spelar ei stor rolle. Alle delene av filmen som inneber bruk av våpen. Jack Reacher som den ekstreme og mystiske helten, som berre høyrer filmen til, men samtidig er realistisk nok til å bli akseptert.

Det var verre å få auge på det svake med filmen, men det var der. Som når Reacher snik seg om bord på ein buss, og vel og sette seg ved vindauge vendt mot alle som ser etter han. Dumme småting som gjer at bilde av den etablerte karakteren raknar.

Det manglar også ein god flyt heile vegen. I blant stopper handlinga opp, og det skjer ingenting som ikkje alt har blitt etablert tidlegare. Det er ikkje snakk om mykje, men historia i filmen er ikkje den mest intrikate og kompliserte i utgangspunktet, og det er lite behov for å dra det ut.

Jason Ihle på Mostly Movies (movielistmania.blogspot.com) er langt meir begeistra for heilskapen. Han rosar særleg den tilbakehaldne actionen og eit mysterium som handlar om kvifor brotsverket skjedde, framfor berre kven som gjorde det. Eg likar også mykje av det konkrete handverket, men kjenner fleire stopp undervegs. Dei gode delane blir ikkje heilt til den samanhengande spenninga som denne omtalen skildrar.

Lengda er ikkje eit ankepunkt åleine. Med unntak av dei isolert sett gode delene av filmen, så er ikkje Jack Reacher ei komplett og minneverdig filmoppleving.