Hopp til hovedinnhold
Plakat for Jak zostać gwiazdą (2020)

Jak zostać gwiazdą

Film
3

Jak zostać gwiazdą er ein polsk film om ein musikkonkurranse. Filmen har på Netflix fått tittelen Fierce, og handlar nettopp om ei litt arg ung kvinne som hamnar midt i musikkonkurranse på grunn av eit sinne.

Det byrjar med at eit musikkprogram på tv, litt likt Idol, skal halde audition i byen kor den unge kvinne bur. Dette fordi ein av dommarane er derifrå. Det viser seg fort at den unge kvinna er dottera til dommaren. I forsøk på å møte han, melder hos eg på konkurransen for å få tilgang til bygningen audition blir halde i. Ho utmerkar seg ved å skjelle ut dommaren, og resten er historie.

Jak zostać gwiazdą er litt overalt. Det er ein artig film i blant. Andre gonger er det grei musikk. Så prøver filmen å vere litt mørk, men eg tykker ikkje han lukkast så godt med det. Og andre gonger igjen er musikken dårleg. Det er ein god miks av inntrykk. Det mest interessante er nok at dette er ein polsk film. Som land er ikkje Polen eit eg har hatt mange filmmøter med. Bortsett frå nyleg sette 365 dni som var eit makkverk, har eg berre sett eit par flotte klassikarar av Juliusz Machulski. Så dette innblikket i eit meir normalt Polen var fint å få med seg.

Det polske innblikket er også ein del av gleda for Booksville (booksville.blogspot.com). Skribenten meiner hovudpersonane har meir djupn enn dei karikerte bifigurane, og at filmen fungerer best som moro heller enn alvorleg kulturkritikk. Eg er meir usikker på blandinga av tonar, men kjenner att interessa for å sjå ei kjend konkurranseform i eit anna land. Det gir filmen noko utover sjølve oppskrifta.

Filmen kan fungere som lett underhalding med musikalske innslag på ein laurdagskveld, men eg legg ikkje så mykje meir i han. Verken eigne ord eller vidare anbefaling.