
Janghwa, Hongryeon
Eg veit ikkje om eg blei skremt eller berre veldig forvirra av denne saken, som på engelsk heiter A Tale of Two Sisters.
Filmen er i likskap med ein del andre japanske skrekkfilmar sær på ein god måte, sær sett frå ein vestleg ståstad. Spenninga er bygd opp med intensjon om å skremme, ikkje berre underhalde som fleire moderne amerikanske skrekkfilmar. Det blir gjort på ein psykologisk måte, om eg kan uttrykke meg slik, og rote det godt til i hovudet.
Så må eg også sei at det ikkje er den skumlaste japanske skrekkfilmen eg har sett, og kanskje eg heller burde kalle det for ein psykotisk thriller?
Caroline Guerin på Caroline Guerin’s Blog (carolineguerin.wordpress.com) meiner den sørkoreanske filmen først og fremst blir sterk gjennom kjærleiken mellom systrene. Ho legg vekt på uvisse om kva som er verkeleg, men òg sorga under det skremmande. Det gir ein annan inngang til forvirringa mi. Eg veit framleis ikkje heilt om eg blei mest skremd eller sett ut, men omtalen peikar på korleis uroa kan ha eit kjenslemessig innhald i tillegg til å rote med forventningane mine.
