Hopp til hovedinnhold
Plakat for Japoteurs (1942)

Japoteurs

Film
2

Japoteurs er ein klassisk, kort Superman-teiknefilm, laga under andre verdskrig. Under ei prøveflyging av det største bombeflyet i verda, sjølvsagt laga av amerikanarane sidan dette er Superman, stel japanarar, som har snike seg om bord flyet, showet. Og startar så å sleppe bomber over USA. Ikkje uventa har Lois Lane snike seg om bord, og resten er opp til Clark Kent og Superman å ordne.

Det som er interessant med denne kortfilmen er framstillinga av USA som best, i beste propagandastil, forkledd som teiknefilm for å hjernevaske barn. Heile greia frå kor urealistisk stort bombeflyet er, til korleis alle inkludert kvinner og barn jublar når det tar av rullebana. Å få fram at USA er best på militær utvikling og at japanarane er misunnelege sabotørar er viktig. Alle slike ting kjem så utruleg godt fram i denne kortfilmen, at det er morosamt å sjå når me veit det nettopp er snakk om god, gammaldags propaganda.

På Dr. Grob’s Animation Review (drgrobsanimationreview.com) blir propagandaen vurdert meir alvorleg. Omtalen meiner framstillinga av dei japanske spionane er med på å gjere ei heil folkegruppe mistenkeleg. Det gir eit anna blikk på det eg finn så overtydeleg her. Den patriotiske overdrivinga er ikkje berre eit uttrykk for at USA skal vere best, men bygger også opp eit fiendebilete gjennom ei enkel teiknefilmforteljing.