Japoteurs - Filmdagbok

Japoteurs 1942

Japoteurs er ein klassisk, kort Superman-teiknefilm, laga under andre verdskrig. Under ei prøveflyging av det største bombeflyet i verda, sjølvsagt laga av amerikanarane siden dette er Superman, stel japanarar, som har snike seg om bord flyet, showet – og startar så å sleppe bomber over USA. Ikkje uventa har Lois Lane snike seg om bord, og resten er opp til Clark Kent og Superman å ordne.

Det som er interessant med denne kortfilmen er framstillinga av USA som best, i beste propagandastil, forkledd som teiknefilm for å hjernevaske barn. Heile greia frå kor urealistisk stort bombeflyet er, til korleis alle inkludert kvinner og barn jublar når det tar av rullebana. Å få fram at USA er best på militær utvikling og at japanarane er misunnelege sabotørar er viktig. Alle slike ting kjem så utruleg godt fram i denne kortfilmen, at det er morosamt å sjå når ein veit det nettopp er snakk om god, gammaldags propaganda.