Hopp til hovedinnhold
Plakat for Jason Goes to Hell: The Final Friday (1993)

Jason Goes to Hell: The Final Friday

Film
2

Eksplosiv start, Jason vert sprengt i fillebitar av militære, men oppstår då obduksjonsansvarlege finn det for godt å jafse i seg det store, svarte hjarte som Jason hadde i kroppen.

I Jason Goes to Hell: The Final Friday vert det freista gjeve grunngivingar for kvifor Jason er som han er, noko neste film følger opp med. Det skal ikkje vere slik, Jason er eit rart vesen som vanskeleg kan plukkast frå kvarandre. Filmen ser derimot passe lekker ut, og byr på bøtter med blod.

På Slashers, Splatters, & Giallos (captaincracker.blogspot.com) blir dei nye reglane rundt Jason vurderte som eit brot med det som gjorde serien til det han var. Skribenten gir filmen ros for blodeffektane, men meiner den innvikla mytologien tek over for det enkle opplegget. Det er omtrent der eg også fell av. Eg treng ikkje ei forklaring på kva Jason eigentleg er, og fleire svar gjer han ikkje meir interessant.