Jaws - Filmdagbok

Jaws 1975

Filmen om invasjonen til ein stor kvithai av farvatnet rundt den idylliske sommarferiestaden Amity Island er rekna for å vere den første blockbuster-en, i USA tente han inn budsjettet med heile 40 gonger og på verdsbasis med 67 gonger. Andre stader er budsjettet opplyst å vere 12 millionar amerikanske dollar i staden for sju og inntektene andre. Det som uansett er klart er at filmen som sprengte budsjettet og produksjonstida med det dobbelte, friskt etter minnet frå boka Easy Riders, Raging Bulls, tente sjukt med pengar.

Filmen er lang, og brukte litt tid på å bli varm. Det var ei handfull stereotypiske idiotar, som eg ofte finn i denne sjangeren, men eg klarte å halde ein viss avstand til det, så eg kom meg etter kvart fram til den gode delen av filmen. Den siste timen var spennande, og ikkje så prega av klisjear som eg hadde trudd. Så til slutt, etter ein lystig og blodig film, så vil eg sei at eg kom ganske så godt ut av det heile.

Jaws er ved sidan av å ha ei god historie knytt til produksjonen ei godt fortalt historie på skjermen. Oppbygginga er i ein eigen klasse, men kan misforståast av den utålmodige og yngre generasjonen. Som sagt i Two and a Half Men: «Kva er så fascinerande med ein film der haien ikkje dukkar opp før etter 40 minuttar?». For dei som klarar å sjå forbi at det ikkje er action frå første sekund, at det er styrken til filmen i å etablere Amity Island som den idylliske ferieplassen det skal vere. For å gi større kontrast til dei grufulle hendingane monsteret av ein hai vil bringe, så er dette veldig mykje ein film som leverer det som trengs.

Det flotte med oppbygginga er at tida blir brukt til å tilføre filmen mykje til heilskapen. Her er det konfliktar i mengder, folk du ikkje likar som har rett og folk du likar som må ta avgjersler for det betre utan å faktisk vite om dei gjer det rette likevel. I tillegg til å vere kompleks er han også veldig enkel å forstå. Han blir spennande på ein enkel måte og gjer seg fortent til å vere ein kjent storfilm. Utan å dvele meir på filmen for denne gong slår eg fast at han er blant topp tre av Steven Spielberg for min del. Litt vanskeleg å favorisere nokon av dei vidt ulike filmane hans. Men Jaws er ein av mine favorittar på tvers av alle sjangrar og år.