Jeff, Who Lives at Home - Filmdagbok

Jeff, Who Lives at Home 2011

I løpet av eit par år har eg blitt fan av filmane til Jay Duplass og Mark Duplass. Tidlegare filmar er mellom anna Cyrus og Baghead. Jeff, Who Lives at Home og The Do-Deca-Pentathlon er filmar eg har sett fram til i år.

Jeff, Who Lives at Home handlar om Jeff (Jason Segel), som bur heime. Han er 30 år gammal og har ingen jobb. Mora (Susan Sarandon) er oppgitt, men har sitt eige å stri med. Det har også broren Pat (Ed Helms).

Før Jeff skal ut å gjere eit ærend for mora får han ein telefon. Mannen i den andre enden er forbanna og vil ha tak i Kevin, men Jeff kjenner ingen Kevin. Framleis høg på marihuana legg han i veg til butikken, men blir opphengt i namnet Kevin då han ser det ein plass.

Handlinga som speler ut seg er ei blanding av tilfeldigheiter, skjebne og krysningar mellom folk som trur på det eine eller andre. Det går roleg for seg og skjer lite lenge. Som film er det ei fin blanding av komedie og drama, men det er uoriginalt og innimellom på kanten til uinteressant.

Slik går filmen lenge, men med eit kvarter igjen så skjer det noko. Det som skjer får alt før til å kjennast ut som ei kurant oppbygging. Klimakset som eg tenker på er blant dei betre eg har sett på film den siste tida, og er med på trekke heilskapen eit godt hakk opp.

Jeff, Who Lives at Home er god.