Hopp til hovedinnhold
Plakat for Jerry Seinfeld: 23 Hours to Kill (2020)

Jerry Seinfeld: 23 Hours to Kill

Film
4

Den nyaste standupspesialen til Jerry Seinfeld er den første med nye vitsar sidan slutten av 1990-talet. Som ei Netflix-lansering var han lett tilgjengeleg, og ein ting eg umiddelbart fekk lyst til å sjå når eg brått oppdaga han på tenesta.

Etter Jerry Before Seinfeld frå 2017, som var eit standupshow med gamle vitsar frå før Seinfeld-serien, så var ikkje forventingane dei høgst. Men det stoppa ikkje lysta til å sjå Jerry Seinfeld: 23 Hours to Kill.

Og dette er ein spesial som leverer. Det er bygd opp på eksemplarisk vis. Det byrjar roleg og blir berre betre og betre utover, før det toppar seg like før slutt. Ikkje alt er blant det beste, men framføringa blir ei veldig god totaloppleving som det ikkje er mykje å sette fingeren på.

Handverket står sentralt også hjå Sean L. McCarthy på Decider (decider.com). Han framhevar kor lenge materialet er finpussa, men er meir kritisk til kor lite Jerry Seinfeld fornyar seg. Omtalen viser òg at enkelte vitsar har vore med i mange år, sjølv om spesialen er ny. For meg er det først og fremst den vellukka framføringa og oppbygginga som tel.

Eg fekk meir enn det eg forventa, og så mykje som eg håpa på. Er du fan av Jerry Seinfeld, så vil eg anbefale denne vidare.