Jesus Camp - Filmdagbok

Jesus Camp 2006

Dokumentar eller ei samling av video frå det ekstremkristne evangeliske miljøet i USA. Jesus Camp gir oss iallfall eit innblikk i det verste av det verste, folk som absolutt ikkje er open for anna enn Gud. Og barn som ikkje er open for anna enn Gud.

Det er naturleg å tenke at ein film som gir seg ut for å vere ein dokumentar, og som skal nå ut på eit anna medium enn tv, må ha mykje futt i seg. Det har Jesus Camp. Men han er ikkje usmakeleg som Michael Moore sitt arbeid. Ver naturlegvis kritisk til det du ser her. Du slepp då iallfall preiket om at det du ser er grufullt, han blir meir av fluga på veggen-typen. Heilt objektiv er han aldri, det skulle berre mangle.

Det flotte er, eg blei ikkje sittande igjen med den fæle kjensla av å ha blitt utnytta av ein eller annan regissør. Tankane mine var i første omgang retta mot innhaldet når denne ikkje-fiksjonsfilmen var ferdig.

Noko som er greit å ha i bakhovudet er at det finst folkegrupper som det er den mest naturlege tingen i verda å gjere ting på som vist i Jesus Camp. Det gjeld ikkje berre kristne. På same måte er mange nordmenn mindre fri. Slik er det berre. På den måten kan Jesus Camp lettare bli sett. For det kan vere hardt å sjå på til tider.

For all del, dette her er det skumle saker.