Jeux d'enfants - Filmdagbok

Jeux d'enfants 2003

Eg kan ikkje forstå at denne filmen har fått lågare rangering på IMDb enn nyleg sette The Terminal. Men slik er det for denne saken, som heiter Love Me If You Dare på engelsk.

Til ein viss grad kan eg samanlikne denne filmen med Le Fabuleux destin d'Amélie Poulain, men han er langt frå å vere så bra som han.

Eg følte i denne filmen at eg som sjåar blei halde unna delar av historia, og fekk ikkje vite alt som skjedde. Til ein viss grad skal du nok finne det ut sjølv, men det framstod ikkje heilt sånn med denne filmen. Det verka å ikkje vere meininga.